top of page

Ressursar for lærarar for uteskule

Her finn du ressursar for planlegging, gjennomføring og erfaringsoverføring, samt førebuing og dialog med elevar og føresette. Ressursane er utvikla for å gjera det enklare å bruke uteskule i kvardagen og enklare å inkludera alle elevane i uteskulen. 

Du kan også laste ned ein
PDF-versjon med oversikt over kva det kan vera lurt å tenkja på før ein har uteskule

Kvifor uteskule?

Uteskule har to hovudføremål: Meir friluftsliv for barn og unge og praktisk, konkret og aktiv læring. 

Les meir om kvifor ein ønskjer meir bruk av uteskule på Norsk friluftsliv sine sider og i artikkelen "Uteskole - hvorfor det?" av Hanne Kummeneje Kilskar

Ressursar for planlegging av uteskule

Som for anna undervisning kan den didaktiske relasjonsmodellen (Bjørndal, Lieberg 1978) leggjast til grunn for planlegging av uteskulen: 

Målgrupper

  • Er det elevar med særskilte behov som ein må ta omsyn til for denne læringsøkta?

  • Kan ein søkja om hjelpemiddel til NAV som gjer det mogleg å delta? Ved å knytte søknad og aktivitet til kompetansemål er det enklare å få innvilga søknad.

  • KS har fleire gode rettleiarar for universell utforming av uteområde og friluftsliv 

  • Er det mogleg å flytte økta nærare skulen for å gjera det enklare for alle å delta?

  • Er det elevar som vil ha særskilt nytte av økta?

    • På grunn av ressursar dei har?

    • Nye meistringsarenaar? Som del av ein progresjon?

    • Som alternative læringsformar?

    • Gjennom å dela ressursar/aktivitetsplan med foreldre kan dei bli trygga og evt. gjennomføra aktiviteten før/etter

Mål, innhald og arbeidsmetodar

​Ressursane under viser undervisningsopplegg for  kompetansemål i gjeldande læreplan, samt korleis desse kan gjennomførast for at alle elevar kan delta:  

I planlegginga av læringsøkta er det også relevant å spørja seg: 

  • Kva er lengde på læringsøkta? Kva førebuing og etterarbeid bør gjennomførast?

  • Kvar skal/kan læringsøkta gjennomførast?

    • Avstand til skulen? (Om mogleg: Kan læringsøkta skje heilt i nærleiken av skulen?)

    • Kva fasilitetar er i området? (Toalett? Tak? Bålpanne? …)

  • Kva utstyr trengs for å gjennomføra (for gruppa og for kvar einskild elev?)

  • Er det naudsynt med ekstra vaksenressursar for å gjennomføra økta?

Førebuing og dialog med elevar og føresette

Mange elevar/føresette har ei forventning om frileik eller turdag når me snakkar om uteskule.  Nokre elevar opplever også at uteskule er utfordrande eller vanskeleg. Dermed er det lurt med ei forventningsavklaring og forklaring i forkant av uteskulen. I samband med prosjektet universell utforming uteskule er det utvikla ein rettleiar til elevar og føresette med nyttig informasjon. 

  • Som del av undervisninga på skulen

  • Gjennom lekse/vekeplan eller informasjon/dialog med føresette som t.d. på Vigilo, Showbie og andre kommunikasjons-/læringsverktøy

  • Gjennom val av tilrettelegging

Evaluering 

I tillegg til ordinær oppfølging av læringsøkta kan det vera lurt å ha ein eigen erfaringsdeling om korleis uteskulen fungerte med evt innspel til vidareutvikling av uteområde, rettleiingar til elevar, føresette og lærarressursar osv. 

Ressursar for lærarar for uteskule: About
bottom of page