top of page
Amigos - Shapes (1).png

Ressursar for barn og ungdom

Barn og ungdom: Welcome

Kva har du lyst til?

Kva likar du å gjera? – kva er du god på?

I Bømlo er det mange forskjellige aktivitetar barn og unge kan gjera på fritida si. Tenk på kva du likar å gjera - kva gjer deg glad? Kva seier dei rundt deg at du er god til? Kva har du lyst til å læra meir om?

www.aktivitetforalle.no har me samla oversikt over faste organiserte aktivitetar i Bømlo og arrangement. 

Ta ein titt og sjå kva du har lyst til å delta på!

Og du - hausten 2022 får alle mellom 11 og 15 år dekka inntil 1000,- av medlemskontingentar og deltakaravgifter gjennom fritidskortet. Les meir om ordninga på kommunen sine nettsider

Anders kano_edited.jpg
Barn og ungdom: About
IMG_0567.JPG

Treng du sjølv hjelp eller lurer du på om andre treng hjelp?

Det skal vera trygt og godt for barn og unge å veksa opp i vår kommune. Av og til oppstår likevel utfordringar og vanskar som gjer at ikke alle har det så bra. Veit du kva du skal gjera dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp?

I Bømlo finns det fleire å snakke med om bekymringar, tankar, kjensler og trivsel. Med andre ord skal du alltid finna nokon å snakke med om kva som helst, anten det gjeld deg sjølv, ein ven eller nokon i familien.

Om du har god kontakt med ein lærar kan han eller ho hjelpe deg direkte eller finna rett teneste til akkurat det du treng. Alle som arbeider med barn og unge i kommunen har teieplikt og må ha ditt samtykke for å involvere andre.

Vil du lesa meir? Gå inn på https://bomlo.betreinnsats.no/

Barn og ungdom: About
1[1].jpg

Informasjonsbrosjyrar til barn og ungdom 5-18 år

Under finn du informasjonsbrosjyrar til barn og ungdom. Desse egnar seg godt til blant anna foreldremøte  og ranselpost.
Du kan lasta dei ned og skriva dei ut.
Trykk på piltastane for å sjå dei ulike brosjyrane.

Barn og ungdom: Services
Skjermbilde 5-8 2.PNG

Brosjyre til dei mellom 5-8 år

bottom of page